100 år med John Deere






Diverse Gråtassider







Nok ei gong er det klart for eit nytt «Hausttreff for veteranar» på Heggebø. Sælshagane
Gråtassforening er klare med sitt 26. hausttreff, også denne gongen den siste søndagen før elgjakta.
I år fell dette på 23. september.

Det tradisjonsrike treffet er årets «happening» for mange, ikkje berre for Gråtassforeningas
medlemmer. Denne dagen samlast folk frå heile Valdres på Heggebø. Det er eit yrande liv på den
gamle skuleplassen, folk møtest og slår av ein prat, kjøper seg ein kaffekopp eller berre ruslar
rundt blant alle dei gamle, ærverdige kjøretøya. Rett som det er startar det opp ein gamal traktor,
ein motor eller andre «raritetar».

Sjølv om det er Sælshagane Gråtassforening som står bak arrangementet, er det ikkje berre
gråtassar som får oppmerksamheit. På årets treff vil Gråtassforeninga markere 100 årsjubilèet til
John Deere. I år er det dei grøne og gule traktorane som får hedersplassen.
I anledning jubileet vil Gråtassforeninga prøve å samle flest muleg av John Deere modellar som er
produsert opp gjennom åra. Foreninga set pris på om alle som har eit eksemplar av arten møter opp
med kjøretøyet.

Hundreårsjubileet for John Deere blir markert over heile verda. Det var 14. mars i 1918 at kjøpte
Deere & Company kjøpte opp selskapet Waterloo Gasoline Engine Company, som produserte
traktoren Waterloo Boy. Dette markerte Deere & Companys inntog i traktorbransjen.

Dette var på den tida ei mykje debattert og kontroversiell investering, mange kritikarar hadde lita
tru på traktorens framtid. Dei stola meir på fortsatt bruk av tradisjonelle hestekrefter.

Den 12 hk sterke Waterloo Boy Model N var den første traktoren bygd og marknadsført av John
Deere. Denne vart produsert fram til 1923. Då overtok modell D, som var den første John Deere-
merka, heilgrøne og gule traktoren. Dette var den verkelege starten på selskapets suksesshistorie
for traktorar. John Deere vart det mest selde traktormerket på verdsbasis for første gong i 1963.

I 1956 kjøpte John Deere traktorprodusenten Heinrich Lanz i Mannheim i Tyskland. Med dette
oppkjøpet utvida selskapet produksjonsverksemda si til Europa.

Gladhaug Maskinsalg i Bagn vart den første forhandlaren av John Deere i Valdres. Ola Gladhaug
selde mange traktorar på 1970-talet, før Felleskjøpet etterkvart overtok som forhandlar.

På årets hausttreff vil det òg bli ei samling av gamle lastebilar og bussar, frå dei aller minste til dei
største i si tid. Alle som har ein gamal lastebil eller buss, har her høve til å få synt fram desse.

Dyr vil òg ha ein sentral plass på årets treff. Arne Rogne vil koma og demonstrere kva ein veltrent
gjetarhund kan utrette, og vise kor stor nytte ein sauebonde kan ha av ein slik god kamerat. Morten
Steinsrud vil koma med hunden han nyttar til kadaversøk.

Kanskje blir det òg høve ti å sjå på og kose med nokre små kyrkalvar?

Ellers blir det demonstrasjon av stubbebrytar, og vi får sjå ein gamal baklastar i aktivitet.
Det er høve til alle som ynskjer det å stille opp med det dei måtte ha av gamle kjøretøy og
tilhøyrande utstyr.

Heggebø barnehage vil som tidlegare sørge for at ingen treng å gå svoltne rundt på Heggebø denne
dagen. Barnehageforeldra vil også i år ordne med både kaffe, brus og smakfullt tilbehør.

Som vanleg blir det ulike aktivitetar for barn, og ikkje minst opptil fleire karamellkast utover dagen!
Lokale brukskunstnarar og matprodusentar vil vera tilstades, så her kan det bli høve til å få kjøpt
både kortreist mat og julegåver.

Det har heile tida vore gratis å koma innom portane på Heggebø. Gråtassforeninga har som politikk
at treffet skal vera for alle, og at det ikkje skal koste noko å delta. Dette gjeld både utstillarar og
publikum.

-----------------------------------------jd02-----------------------------------------